Tre nye smitta i dag
Bjørnafjorden kommune varslar om tre nye tilfelle av covid-19 torsdag.
Tre personar i Bjørnafjorden kommune har fått påvist smitte i dag.
Den eine er ei kvinne i 30-åra. Smittevegen er kjend og nærkontakter er spora.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den andre er ein mann i 30-åra. Også her er smittevegen kjend og nærkontakter spora.
Den siste er ein mann i 30-åra. Smittevegen er kjend og sporing av nærkontakter pågår.
Ingen av smittetilfella er relaterte.