Tre mindreårige born involverte i slagsmål
Politiet fekk melding tysdag kveld.
Meldinga kom inn til politiet kring kl 20 og gjekk på ordensforstyrring og handgemeng på ei privat adresse utanfor Os sentrum.
Tre mindreårige born skal ha vore involvert, ifølgje politiet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er oppretta sak på kroppskrenking. Ingen vart alvorleg skadd. Alle vart dimmiterte på staden, og foreldre er varsla, opplyser innsatsleiar Christine J. Grindstein.