Tre køyretøy involvert i ulukke på Søfteland
Det opplyser politiet.
Kring klokka 13.40 skal det ha oppstått ei trafikkulukke på Søfteland. Det skal vera snakk om påkøyrsel bakfrå.
— Tre køyretøy involverte, der eit av dei er ein MC, skriv politiet på Twitter.
Artikkelen held fram under annonsen.
Politiet er på staden. Bilbergar er varsla. Ein må rekna med at det kan vera kø på staden.
Statens vegvesen opplyser på Twitter at ulukka skal ha skjedd på Røykenes. Dei skriv vidare at begge køyrefelt er påverka, og at ein reknar med at situasjonen blir slik fram til klokka 17.41, men at dette er usikkert og kan bli endra på.
OPPDATERT: Vegen er opna.