Tre husstandar framleis utan straum i området: Sjå video av gårsdagens gnistregn
Stormen førte til gnistregn frå fleire straumstolpar ved Bahusstraumen og Kalandseid laurdag kveld.
Fleire husstandar i grenseområdet mellom Bjørnafjorden og Bergen kommune mista straumen i går kveld.
Det kom gnistregn frå ei høgspentlinje på Kalandseid, og tilsvarande frå ein straumstolpe ved Bahusstraumen på Bjørnafjorden-sida.
Artikkelen held fram under annonsen.
I morgontimane melder BKK at tre husstandar framleis berørte av feilen.
Edgaras Pakalniskis filma gårsdagens gnistregn, som for ein vanleg sjåar minner om ei scene frå ein postapokalyptisk katastrofefilm.