Tre barnehagar i Os får svømmeopplæring
Tre barnehagar i Os får midlar til gratis svømmeopplæring til born i alderen 4 til 6 år.
Barnehagefagleg rådgjevar, Irene Ullensvang, fortel at det var tre barnehagar i Os som søkte om midlar frå Fylkesmannen til svømmeopplæring. Flåten Naturbarnehage, Borgafjell barnehage og Espira Ulvenvatnet har alle fått innvilga søknadene.
- Er dette første gongen ein får svømmeopplæring i regi av barnehagane i Os?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja. Me kjem truleg til å kalla det vasstilvenning heller enn svømmeopplæring. Det passar litt betre, synest me. Uansett er dette eit spanande og kjekt tiltak som me gler oss å setja ut i livet, seier Ullensvang.
Ho legg til at borna vil læra seg å svømma raskare dersom ein startar med opplæringa alt i barnehagen.