Ferje attende i drift etter tekniske problem
Rute 2 på Halhjem-Sandvikvåg er attende i drift.
Torghatten Nord AS opplyste onsdag morgon at rute 3 vr kansellert inntil vidare grunna tekniske problem. Kl 10.10 kom meldinga om at feilen var utbetra og at ferja er attende i drift.
Frå før er rute 4 og 5 kansellert grunna streiken.
Artikkelen held fram under annonsen.
Selskapet presiserer at det om laurdagane berre er rute 5 som er kansellert grunna streik.
– Mindre forseinkingar kan oppstå. Vi beklagar ulempa dette medfører for våre passasjerar, skriv selskapet på nettsidene sine.