Travel fredag 13.
Det blir knapt med handledagar før 17. mai. Skal du på Vinmonopolet er siste frist fredag 13..
For dei som ønskjer edlare sprudlevatn til nasjonaldagen er fredag 13. mai siste sjanse til å handla på Vinmonopolet. Laurdag 14. er nemleg pinseaftan, ein dag som tradisjonelt ifølgje Vinmonopollova bruker å vera stengd.
Måndag 16. mai er 2. pinsedag, og 17. mai er nasjonaldagen. Dermed vert det ikkje ope på polet i Irisbygget eller i Fjord'n senter før onsdag 18. mai.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mykje trafikk
Når det kjem til daglevarehandelen, er også den ein del innsnevra grunna heilagdagane.
Frå og med laurdag 14. mai klokka 16.00 stengjer dei vanlege daglegvarebutikkane over heile landet. Dermed må ein ta høgde for at komande laurdag vert ein dag med noko meir handelstrafikk enn vanleg.
- Dersom ein skal gjera storinnkjøp før 17. mai, bør ein ta seg god tid, og halda augene opne når ein parkerer. Statistikken viser nemleg at dei siste dagane før 17. mai er blant årets 10 farlegaste dagar å parkera, seier informasjonssjef i Gjensidige, Arne Voll.
Forsikringsbransjen registrerte i fjor 230 bulkeskader i Os og Fusa. Mange av desse kom i samband med parkering.
- Når ein skal parkera ved handlesenter eller utanfor tett trafikkerte butikkar, tilrår me folk å ryggja inn i parkeringslomma. Då slepp ein å ryggja ut igjen, noko som oftare fører til kollisjonar, seier Voll.