Osingar flest må venta ei stund til før dei kan kjøpa billett via smarttelefonen.
Osingar flest må venta ei stund til før dei kan kjøpa billett via smarttelefonen.

Trappar opp arbeidet med bussbillett på mobilen

Folk i Os og Fusa må likevel venta to år til før dei kan betala på bussen med mobilen.

Det som var eit moderne forslag i 2007 - betaling for billettar via ei nettbutikkløysing - er ikkje så moderne lenger. Skyss vil no skrinleggja prosjektet, til fordel for auka satsing på betaling via mobilapp. På torsdag skal saka opp i fylkesutvalet i Hordaland.

- Bruken av digitale kanalar har auka, men det er mobiltelefonar og ikkje PCar som i dag er den raskast veksande kanalen, og brukarane forventar nettløysingar som er eigna også for mobil, heiter det i utgreiinga frå Skyss.

Artikkelen held fram under annonsen.

Må forenkla sonesystemet først

Fram til no har betaling via mobil berre vore tilgjengeleg i sone Bergen og for ungdomar. Andre har måtta nøya seg med kontantar og papirbillettar eller ulike rabattkort. Men nysatsinga gjev håp om at den nye teknologien etter kvart vil koma også til distrikta.

- Kva tid kan folk i Os og Fusa kunna bruka mobilen til å betala på bussen?

- Eg kan nok ikkje lova det her og no, det er politikarane som bestemmer dette. Grunnen til at det tek tid er at me har eit så komplisert sonesystem i fylket. I fjor vart det vedteke å laga ei felles sone for heile fylket, men politikarane gjekk tilbake på det, forklarer Hanne Alver Krum i Skyss.

Nytt håp i desember

I desember kjem ny sak om endring av sonesystemet til behandling. Krum har håp om at politikarane vil forenkla sonesystemet, og dermed rydda vegen for utviding av mobilapp-tilbodet.

- Så sant politikarane går for omlegginga, kan me starta på den jobben i 2016. Då er det mest realistisk at me kan tilby dette først i 2017, seier Krum.