Trappar opp 4G-dekninga i Fusa og Os
I løpet av dei neste to månadene vil mobilstasjonane Bogøy og Kolåsen i Fusa og Lysefjorden i Os bli oppgraderte til 4G.
Jostein Halland
jostein@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Telenor held fram med å byggja ut 4G i Fusa og Os.
- I Fusa gjev mobilstasjonen Bogøy 4G-dekning nordover mellom Bogøy og Gaupholm, Venjaneset kai, samt Hatvik kai og Hegglandsdalvegen. Områda Lundheim, Holdhus og Eikelandsosen vil bli dekka av mobilstasjonen Kolåsen, opplyser selskapet i ei pressemelding.
I Os kommune dekkjer mobilstasjonen Lysefjorden området frå indre Drange til Sørstraumen og vidare mot Lysekloster, Lysøen, Nordvik og Strøno med hytteområde sør mot Forstrøno.
- Vi byggjer ut mobilnettet raskare enn vi tidlegare har estimert. I løpet av første kvartal 2018 vil 99,8 prosent av befolkninga ha 4G-dekning fra Telenor, opplyser dekningsdirektør Bjørn Amundsen.