Bebuarane kan bruka både armar og bein når dei syklar. For dei som ikkje er sterke nok i beina, så finst det ein hjelpemotor på sykkelen. - Personale er til stades under sykkelturane. Treninga er tilrettelagt den enkelte, fortel aktivitør Mildrid Aarvik. Biletet er frå Meland sjukeheim.
Bebuarane kan bruka både armar og bein når dei syklar. For dei som ikkje er sterke nok i beina, så finst det ein hjelpemotor på sykkelen. - Personale er til stades under sykkelturane. Treninga er tilrettelagt den enkelte, fortel aktivitør Mildrid Aarvik. Biletet er frå Meland sjukeheim.

Tråkkar fram gode minne

Sykkeltur på gamle trakter er ikkje kvardagskost for bebuarane på Fusa bu- og behandlingssenter (FBBS). Eller, vent. Jo, det er det!

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

For kort tid sidan fekk FBBS to trimsyklar. Syklane er kobla til ein TV-skjerm og eit filmbibliotek som tek syklistane med på sykkeltur på gamle trakter.

- Bebuarane synest det er kjekt, ikkje berre dei som syklar, men også dei som sit og ser på. Dei kjenner seg att på dei ulike stadene, og musikken er fin, fortel aktivitør hjå FBBS, Mildrid Aarvik.

I mai var eit filmteam frå Motitech AS, verksemda som står bak konseptet, eller motivasjonsverktøyet, som dei kallar det, i Fusa for å gjera opptak.

Når Motitech-bilen køyrer rundt i nabolaga har han tre kamera på pansereret og to mikrofonar på taket
Når Motitech-bilen køyrer rundt i nabolaga har han tre kamera på pansereret og to mikrofonar på taket

I slutten av juni kjem dei til Os. Dermed får bebuarne høve til å leggja "sundagsturen" til Osøyro, eller til dei gamle nabolaga sine om dei vil det.

- Filmane frå Fusa er klare. Det einaste som gjenstår er å leggja på musikk, så det er ikkje så lenge til vi kan byrja å sykla her i kommunen, seier Aarvik.

Positive effektar

Tanken bak Motiview-konseptet er å stimulera til meir fysisk aktivitet blant eldre og personar med demens.

Konseptet er utvikla i samarbeid med, og på bakgrunn av ein idé frå alders- og sjukeheimsetaten i Bergen kommune.

Pilotprosjektet såg dagens lys i 2012. Det heile starta med nokre spesialtilpassa ergometersyklar. I tillegg trengte ein noko som gjorde det kjekt å bruka syklane. Slik kom filmskapar, i dag dagleg leiar i Motitech AS, Jon Ingar Kjenes inn i biletet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Vi laga to demofilmar basert på minutt-for-minutt-konseptet til NRK. Filmane gjorde at personane som testa konseptet, sykla lenger, fortel Kjenes.

Fem sjukeheimar i Bergen deltok i pilotprosjketet. Underveges vart adferda til testpersonane registrert.

- Etter to månader var den fysiske utageringa til bebuarane eliminert. I tillegg såg ein ei klar forbetring i humør, trivnad, søvnkvalitet og apetitt. Fallførekomsten var dessutan mykje lågare, fortel Kjenes.

Stor gjenkjenningsverdi

Filmskaparen ønskte å utvikla konseptet vidare. Han fekk støtte frå Innovasjon Norge til å etablera Motitech AS, og i dag nyttar mellom 80 og 90 institusjonar i 40 kommunar konseptet.

- For at filmane skal verta mest mogleg skreddarsydd brukarane, vert traseane og sykkelturane planlagde i samarbeid med dei tilsette på institusjonen. Filmane skal føra til gjenkjenning for mange. Dei som deltek skal ha noko å snakka saman om, seier Kjenes.

Sykkelturane var i utgangspunktet tenkt som mental stimuli for personar med demens. Men undersøkingar viste at treninga hadde positive effektar for langt fleire.

- Sykkelturane framkallar gode minne og meistringskjensle. I tillegg er det sosialt, seier Aarvik.

Motitech AS har laga tre filmar frå Fusa. Éin frå Skjørsand til Fusa kyrkje, éin frå Holdhus til Hålandsdal leirskule og éin frå Matland til Holmefjord langs gamlevegen.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er viktig at dei som ser på får ei god oppleving. Vi filmar med ein vinkel på 180 grader. Dermed kan vi ta inn element både frå høgre og venstre side. Når vi kjem til stader med stor gjenkjenningsverdi, stoppar vi. Ved Hålandsdal leirskule til dømes har vi filma det gamle tunet, samt bygningane både frå innsida og utsida, fortel Kjenes.

Sykkelgåve

FBBS har to syklar til disposisjon, éin på demensavdelinga og éin på fellesstova for langtids- og kortidsavdelinga.

Syklane er ei gåve frå frivillige organisasjonar i kommunen. Fusa Lions Club har kjøpt éin sykkel og Fusa sanitetsforeining har kjøpt éin sykkel og abonnement på filmbiblioteket til Motitech i 3 år. I tillegg har Strandvik sanitetsforeining donert til saman 30.000 kroner til prosjektet fordelt på tre år.

- Hjelpa frå frivillige organisasjonar gjer at vi kan tilby dette konseptet til bebuarane våre. Det er fantastisk flott. Vi hadde ikkje fått det til innanfor budsjettramma til eininga, seier Aarvik.