Tragiske minne blir vekt til live
Os-bygda har blitt råka av to tragediar på kort tid. Først drapet på Trude Brenna Aasen, og så då to osingar mista livet i helikopterstyrten. Kyrkja opnar dørene tysdag for å hjelpa innbyggjarar i sorg.
- Med det store mediefokuset som har vore kring desse hendingane, er mange berørte sjølv om dei ikkje er direkte råka. For nokon vil det òg vera slik at tragiske hendigar frå tidlegare blir vekt til live av desse nye hendingane. Vi tenkjer at det er godt å få eit tilbod om ein stad kor ein kan vera stille, og kanskje få litt hjelp i sorga, seier sokneprest Margrethe Holmboe Askeland.
Ho presiserer at open kyrkje ikkje er ei minnemarkering for dei som nyleg gjekk bort, men eit høve for alle som vil til å koma saman i sorga. Soknepresten legg til at dei pårørande vert følgt opp av kriseteamet som kyrkja også er ein del av.
Artikkelen held fram under annonsen.
Går inn i menneskes sorg
I kyrkja blir det nokre ord til ettertanke.
- Det blir òg musikk, rom for stille og tenning av ljos, seier Askeland.
- Korleis har tida vore for prestane og kyrkja etter dei tragiske hendingane dei siste vekene?
- Jobben til prestane er å gå inn i menneskes sorg. Vår jobb har ikkje vore så ulik det han er til dagen, utanom at vi har måtta omrokkera litt grunna alt som har skjedd samstundes. I jobben vår møter vi ofte folk i djup personleg tragedie, og kjenslene er dei same om saka har vore omtalt i media eller ikkje.
Bør ha eit slikt tilbod
Soknepresten har er usikker på kor mange som vel å koma på tysdag, men av tidlegare erfaringar ser ho at det kan vera eit behov.
- Det kan henda det kjem mange, og det kan vera at det ikkje kjem så mange. Uansett, så er det fint med ei roleg stund i kyrkja. Vi meiner i alle fall at vi bør ha eit tilbod som dette, seier Askeland.