Tørrkoking i Eikelandsosen. Ein person skal ha pusta inn «noko røyk»
– Det lukta svidd mat, opplyser varabrannsjefen.
Ifølgje 110 Vest på Twitter vart tørrkokinga varsla klokka 08.17.
– Mannskapa er på staden enno. På grunn av alvorlegheitsgraden, og at det var så mykje røyk i leilegheita vart det sendt ut ei såkalla trippelvarsling, opplyser varabrannsjef Erik Walden.
Artikkelen held fram under annonsen.
Då brannvesenet kom fram til Leitet i Eikelandsosen var det mykje røyk og ifølgje varabrannsjefen ei typisk tørrkokingslukt.
– Det lukta svidd mat, fortel han.
Personen som bur i leilegheita var komen seg ut.
– Ambulansen er på staden, og tek seg av vedkomande. I tillegg held brannvesenet på å ventilera ut røyken, opplyser Walden.