Tørke gjev problem: Har sendt ut kokevarsel
Den lange tørkeperioden har gjeve problem for vassforsyninga.
Kommunen opplyser at den lange tørkeperioden gjer at det er lite vatn i Eikelandsosen og Holdhus vassverk.
– Vi må difor fylla opp med vatn frå Skjelbreidvatnet fram til vêrgudane bestemmer seg for å fylla opp på naturleg vis, opplyser kommunen på sine heimesider.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er meldt tørt og fint i minst ei veke til.
– Alle som får vatn frå Eikelandsosen og Holdhus vassverk må koka vatn til drikke, tannpuss og matlaging inntil vidare, er meldinga.
Alle abonnentar skal ha fått varsel på SMS eller e-post.