- Me har lagt bak oss eit svært godt år og oppnår stadig nye resultat. Prisen gjev inspirasjon til vidare innsats, seier Torild Lohne.
- Me har lagt bak oss eit svært godt år og oppnår stadig nye resultat. Prisen gjev inspirasjon til vidare innsats, seier Torild Lohne.

Torild Lohne fekk årets Aqkva-pris

Torild Lohne ved Sævareid Fiskeanlegg vart torsdag heidra for sin innsats i havbruksnæringa. - Det hadde ikkje sveve meg at eg skulle få pris, smiler ein kledeleg beskjeden prisvinnar.

Aqkva-prisen er ei utmerking som vert gjeven til ein aktør i havbruksnæringa som gjennom ein spesiell innsats eller langvarig engasjement har teke næringa eitt steg vidare og vore eit eksempel til etterfølging.

- Eg reknar meg sjølv som ein heilt vanleg røktar og hadde verkeleg ikkje sett for meg at eg skulle få denne heideren. Men det var sjølvsagt utruleg kjekt, seier Lohne.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sunn mat på effektiv måte

59-åringen starta karrieren sin i oppdrettsnæringa i 1979, og har vore tilsett ved Sævareid Fiskeanlegg sidan 1981, der ho no er salssjef.

- Det har vore både spanande og gjevande å få vera del av den utviklinga som har vore i oppdrettsnæringa både i Noreg og på verdsbasis. Å få vera meg og laga god og sunn mat på ein effektiv måte, er veldig motiverande, seier Lohne som legg til at oppdrettsnæringa i Fusa har vore med på å mangedobla det dyrkbare arealet i kommunen.

- Det er ganske utruleg og kanskje ikkje noko så mange tenkjer på.

Team-arbeid

Prisen vart delt ut på Aqkva-konferansen på Stord torsdag. Aqkva er den største havbrukskonferansen på Vestlandet og ein møtestad der næring, forsking og forvaltning utvekslar erfaring og får ny kunnskap.

I grunngjeving for prisen heiter det mellom anna at: "Årets prisvinnar fyller fullt ut kravet til langvarig engasjement og god innsats. Karrieren spenner seg over både smolt og matfisk både sør og nord i landet, og ikkje minst så har engasjementet strekt seg langt utover eiga bedrift. Best trivest ho i kjeledress og oljeklede i ver og vind ute i felten. Me snakkar altså om ein praktikar som har interesser langt utover sitt daglege virke".

Det vert også trekt fram at Lohne er uredd, tek ordet i forsamlingar og går aktivt inn i dei aktuelle debattane.

- Eg deler denne prisen med kollegaar både på fiskeanlegget i Fusa og i resten av næringa. Eg ser faktisk også på konkurrentane våre som kollegaar på eit vis, seier Lohne.

Sjølv om prisen kanskje mest er grunngjeve i det arbeidet Lohne har lagt bak seg så langt, er ho sjølv mest oppteken av å sjå framover.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Me har lagt bak oss eit svært godt år og oppnår stadig nye resultat. Prisen gjev inspirasjon til vidare innsats, seier Lohne.

Stadig i utvikling

Lohne trekkjer fram den stadige utviklinga innan oppdrettsnæringa som eitt av momenta som gjer jobben spanande.

- Det er alltid noko nytt å læra, seier Lohne.

Og nettopp læring og utdanning er noko som særleg engasjerer Lohne. I grunngjevinga for Aqkva-prisen heiter det at "forsking og utvikling, samt rekruttering av ungdom til næringa har kanskje vore prisvinnaren si aller største hjartesak".

- Fusa vidaregåande har både akvakultur, TAF Marin, marin fagskule som skal starta opp med kurs att og tilbod om fagbrev for dei som har vore i praksis lenge. Dei gjer ein kjempejobb på dette feltet, skryter Lohne.