Tom for drivstoff i Lyshorntunnelen. Mistanke om promille
Hendinga skjedde i ti-tida søndag.
Klokka 10.05 søndag føremiddag kom ein politipatrulje over ein sjåfør som hadde fått køyrestans grunna at bilen var tom for drivstoff.
Patruljen mistenkjer at sjåføren var påverka av alkohol. Førarkortet vart beslaglagt på staden.