Tok vaksinen på strak arm
- De må gjerne vera med. Eg er ikkje nervøs for sprøyter. I dag fekk Marcus Walden (18) og så å seia alle avgangselevane på Os gymnas vaksine mot smittsam hjernehinnebetennelse.
Det var Waldens tur til å vaksinera seg då me vitja gymnaset i dag onsdag. Han var blant dei siste som fekk vaksinen i dag. Etter at han var ferdig måtte han til observasjon i 20 minutt naborommmet, i tilfelle han skulle reagera på vaksinen.
- Gjekk det greitt?
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ja, det var berre eit lite stikk. Eg kjenner ikkje nokre biverknader, seier Walden og legg til:
- Det er bra at me fekk tilbodet. Vi har snakka mykje om hjernehinnebetennelse i forhold til russetida. Om eg ikkje hadde teke vaksinen, er det mogleg at eg hadde gått og bekymra meg for å få hjernehinnebetennelse. Det slepp eg no.
- Gler du deg til russetida?
- Ja, eg gler meg veldig!
På observasjons-post
Det er ikkje mange elevar som har takka nei til vaksinen. Listene til gymnas-helsesøster Annika Nordland Andersland, viser at 70 av 78 tredjeklassingar har takka ja.
- Det kan godt henda at fleire av dei som har takka nei ombestemmer seg når dei ser kor mange som har sagt ja, seier Nordland Andersland.
Ho hadde ansvar for å passa på elevane som sat til observasjon.
- Me har ikkje hatt nokre alvorlege biverknad-tilfelle i dag, seier ho.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Byråkratane må høyra på fagfolka
Fagleiar for førebyggjande helsetenester, Dagmar Hilde, og Marita Wallevik, leiar for førebyggjande tenester, stod for vaksineringa. Det var førstnemnde som brakte idéen om "masse-vaksinering" av elevar i samband med russetida på banen, og at kommunen kanskje kunne ta ein del av rekninga. Nils-Petter Borge syntest det var ein veldig god idé.
- Dagmar brakte det på banen. Smittevernlege Jan Rune Stangeland, og leiar for helsesøstrene, Marita, likte ideen. Det gjer eg også. Det er dessutan viktig at byråkratane høyrer på fagfolka, seier kommunalsjefen for helse, omsorg og beredskap, og smiler.
Meir tilgjengeleg for elevane
Det er kjøpt inn mellom 250-300 vaksinar. Om ein går utifrå at talet er 300 vil totalkostnaden koma på 120.000 kroner. Kommunen står for halvparten.
- Dette er vel anvendte pengar. Vaksine-tilbodet vert gjort meir tilgjengeleg for elevane. Dei slepp tinga time, og gå til legen, og kostnaden er halvvert. Dette er eg sikker på at gjer at fleire vel å vaksinera seg. Godt førebyggjande helsearbeid, seier Borge.
Vil sponsa vidare
Han kan nesten garantera at dette blir eit tilbod også til neste år.
- Så lenge rådet er at vaksinen er god, og han er tilgjengeleg gjennom Folkehelseinstituttet, er det fornuftig at me har dette som eit tilbod.
"Vaksine-teamet" har teke føre seg Kongshaug Musikkgymnas og Os gymnas. Ein av dei komande dagane står Os vidaregåande for tur.
Sjukdomen kjem av meningokokkbakteriar. Det finst ulike typar sjukdomsframkallande meningokokkbakteriar. Dei vanlegaste blir kalla A, C, W, Y og B. Friske personar kan ha meninigokokkar i halsen utan å vita om det. Få av desse blir sjuke, men dei kan smitta andre.
I 2011 fekk Folkehelseinstituttet melding om seks tilfelle av smittsam hjernehinnebetennelse som kunne relaterast til russefeiringa. I 2012 og 2013 blei det meldt om høvesvis åtte og fem tilfelle hos ungdom mellom 16-19 år. I 2014 var det to tilfelle, og i 2015 var det tre tilfelle, to relatert til russefeiring.
Etter vaksinasjon tek det omtrent to veker før vaksinen verkar.
Risikoen for å utvikla meningokokksjukdom kan reduserast ved å følgja desse råda:
Ta deg tid til å sova ut. Kroppen treng kvile.
Husk at såre slimhinner er meir mottakelege for infeksjonar. Ta vare på stemma og halsen din.
Førebygg dråpesmitte, blant anna ved å ikkje drikka av same flaske/boks/glas som andre og ikkje dela sigarettar.
Unngå for mykje alkohol. Når du er berusa vil dømekrafta di reduserast, og symptom på meningokokksykdom kan forvekslast med teikn på for mykje alkohol.
Skaff lege dersom du trur venene dine kan være sjuke. Ta ansvar for kvarandre dersom nokon er sløve (har nedsett medvit) eller har feber.
Meir informasjon om smittsam hjernehinnebetennelse finn ein på Folkehelseinstituttets heimeside.
(Kjelde: Folkehelseinstituttet).