Kom attende: I mai skal to personar ha forsøkt å ta seg inn i ein fritidsbustad på Fusa. Sist helg var dei attende.

Tok seg inn i hytte og overnatta: — Det er dei same som sist, ja

Ein mann og ei kvinne, som i mai forsøkte å ta seg inn i ein fritidsbustad på Fusa, kom attende sist helg.

Men denne gongen skal dei ha teke seg inn i ei nabohytte til fritidsbustaden.

Laurdag fekk politiet melding om at to personar hadde teke seg inn og overnatta i ei hytte på Fusa.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det viste seg å vera dei same to personane i saka som blei omtala i mai.

— Det er dei same som sist, ja. Dette er ei hytte dei ikkje har lovleg tilgang til. Det var ein familiemedlem av eigar som melde frå til oss, fortel tenestestadsleiar ved Fusa politistasjon, Anders Opsal.

Han var på plass og viste dei to bort. Dei to hadde teke seg inn dagen i førevegen.

Viste dei bort: Tenestestadsleiar ved Fusa politistasjon, Anders Opsal, rykte ut laurdag og viste bort dei to personane som hadde teke seg inn og overnatta i ei hytte.

Dei to blei ikkje meld i mai etter at dei skal ha forsøkt å ta seg inn i fritidsbustaden. Eigar ønskte ikkje å melda saka.

— Vi har ikkje lukkast å koma i direkte kontakt med hytteeigar i dette tilfellet. Saka er enn så lenge ikkje meld, fortalde Opsal tidlegare i veka.

Dei to personane er ikkje frå Bjørnafjorden, og skal tidlegare ha vore på besøk i denne hytta.

— Men då har hytteeigaren vore der. Det var ikkje tilfellet denne gongen, seier Opsal.