Tok osingane i gründerskule
Stortingsrepresentant Ove Trellevik (H) oppmoda Os-gründerar til tettare samarbeid då han tysdag heldt føredrag på Os Høgres "gründerskule".
- Gründerar bør absolutt søka meir saman og stilla kvarandre spørsmål om kvifor den andre får til noko du sjølv ikkje får til, seier stortingsrepresentant for Høgre frå Hordaland, Ove Trellevik.
Han meiner ivrige gründerar i staden for å halda korta tett til brystet i frykt for idésteling, bør senka skuldrene og søkja fellesskap med andre gründerar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Om lag 30 personar haddde møtt fram for å få med seg Os Høgres opne møte i Os Eldresenter. I tillegg til informasjon om regjeringas nye gründarplan, var det rein skulering i korleis ein startar eigen bedrift.
I tillegg til Trellevik, som sit i næringskomiteen, deltok også folk frå Os Næringsråd, DnB, NAV, Business Region Bergen og Innovasjon Norge.
Lov å feila
Trellevik tok utgangspunkt i dei tre k-ane: Kapital, kompetanse og kultur.
- På ein dag som denne byggjer vi kompetanse gjennom å gje informasjon om kva som skal til for å lukkast. Men det er og viktig å byggja ein kultur der det er akseptert å vera gründer. Ikkje minst må det vera lov til å feila og starta på nytt, seier han.
Dårlege på nyskaping
- Kva inntrykk har du av gründerånda i Os?
- Som tidlegare ordførar i Sund, gløtta eg til Os meir enn ein gong. Her er mykje initiativ og vilje. Noko dette dugnadsbasert huset (Os Eldresenter journ. mrk.) vitnar om.
Trellevik nyttar også høvet til å skryta av kommunen som legg tilhøva godt til rette for etablerarar, men oppmodar samstundes til endå tettare samspel med næringslivet.
- Vi har generelt vore dårlege på nyskaping i Noreg, men med dagens oljenedtur hastar det å finna andre bein å stå på, seier han.