Politiet måtte gripa inn ved Esso-stasjonen i natt. (Illustrasjonsfoto)
Politiet måtte gripa inn ved Esso-stasjonen i natt. (Illustrasjonsfoto)

Tok kvelartak i køen

Politiet var alt på staden då ein 29 år gamal mann tok kvelartak på ein yngre mann i køen på Esso-stasjonen i natt.

Det var like etter stengetid på nattklubbane, kl. 3.35, at hendinga fann stad.

- Det skjedde i matkøen på Esso-stasjonen. Politiet observerte ein mann som gjekk i strupen på ein annan, fortel vakthavande ved Vest politidistrikt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to vart raskt skilde frå kvarandre. Mannen som hadde gått til åtak var 29 år gamal, og han erkjente forholdet. Han forklarte at den 7 år yngre mannen han hadde provosert han i matkøen. Båe partane fekk beskjed om å forlata sentrum. Den angripande part vil bli meldt for ordensforstyrring.

Knuffing ved Joker

Ein tilsvarande episode ved Joker i Torggata mellom ein 23-åring og ein 21-åring kravde politiets inngripen.

- Det dreier seg om mindre alvorleg knuffing. Den einaste reaksjonen frå politiets side var at dei båe vart forviste frå området.