Formannskapsmedlemene hadde mange spørsmål til budsjettnotatet som rådmann Berit Fløisand presenterte i førre veke.
Formannskapsmedlemene hadde mange spørsmål til budsjettnotatet som rådmann Berit Fløisand presenterte i førre veke.

Tøffe tak i vente

På fire år skal Fusa kommune spara nesten 40 millionar kroner. Onsdag var det budsjettkonferanse på Tønnegarden.

Camilla Kvamme

camilla.kvamme@osogfusa.no

Artikkelen held fram under annonsen.

Om få dagar skal formannskapet i Fusa gje si innstilling til kommunestyret når det gjeld budsjettet for 2016. Det betyr at innan kort tid må politikarane verta samde om eit budsjett som det i utgangspunktet ikkje ser spesielt enkelt ut å verta samd om.

I rådmannen sitt budsjettnotat er det gjort innsparingstiltak i einingane på 5,1 millionar kroner i 2016. I 2017 er summen 8,5 mill. kroner, i 2018 11,3 og 2019 14,5 mill. kroner. Altså 40 millionar til saman.

- Over fleire år har vi nytta midlar frå "disposisjonsfond driftsføremål" til å saldera årsbudsjetta, medan den resterande økonomiplanen har vist underskot. No er disposisjonsfondet tomt, heiter det i notatet.

Lysare tider i vente? Ordførar Atle Kvåle (Ap) og  resten av formannskapsmedlemene står overfor tøffe val i budsjettprosessen dei neste vekene.
Lysare tider i vente? Ordførar Atle Kvåle (Ap) og resten av formannskapsmedlemene står overfor tøffe val i budsjettprosessen dei neste vekene.

Av den grunn har rådmannen budsjettert med årlege avsetjingar til fondet.

- Det er heilt avgjerande for kommunen sin handlefridom at vi har midlar til å imøtekoma uføresette hendingar som til dømes ras. I tillegg bør vi koma dit hen at vi kan nytta eigenkapital til investeringar, påpeikar rådmannen.

Fusa kommune må ifølgje budsjettnotatet erkjenna at det vil ta "noko tid" før kommunen har ein sunn økonomi.

- Rådmannen si vurdering er at tilsette, tillitsvalde og leiarar heile tida har fokus på at endring og omstilling skal skje på best mogleg måte for brukarar og tilsette. Men sjølv om vi brukar handlingsrommet optimalt, må vi likevel erkjenna at inn-sparingstiltaka medfører endra standard på ein del tenesteområde. Vi har òg tenesteområde som i utgangspunktet har for låge rammer, går det fram av notatet.

Stort potensial på innkjøp

Med desse tala som bakteppe, møttest formannskapsmedlemene til budsjettkonferanse på Tønnegarden onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Av temaa som vart diskuterte var innkjøp, privatskuledrift og folkevekst.

Aud-May Boge (H) trekte fram rapporten frå Odin frå 2014, der det går fram at Fusa kommune har eit uutnytta potensial for innsparingar på området for offentlege anskaffingar.

- Potensialet er berekna til å liggja mellom 2,4 og 3 mill. kroner i året. Fusa Høgre bed rådmannen gjera greie for kva det vil kosta å få på plass ei prosjektstilling knytt til arbeidsområdet, sa Boge og peika på viktigheita av å få med seg eventuelle innsparingar alt frå 2016.

Rådmannen fortalte at administrasjonen jobbar med på betra innkjøpsrutinane til kommunen. Fløisand peika òg på at det i budsjettnotatet er sett av vel 40,2 mill. kroner til andre driftsutgifter i 2016. Dette er om lag 3,6 mill. kroner lågare enn nivået skulle ha lege på dersom ein tok omsyn til rekneskapen frå 2014 (41,5 mill. kr.) og prisveksten frå 2014 til 2016.

- Ein innkjøpsmedarbeidar kunne ha bidrege positivt på fleire måtar innanfor området. Men det er vanskeleg å sjå korleis ein skal klara å gjera ei slik stilling sjølvfinansierande. Stillinga må finansierast ved å redusera rammene til einingane ytterlegare, var svaret frå rådmannen.

Privatskuledilemma

Fusa Arbeidarparti var interessert i å vita kva drift av to, eventuelt tre nye privatskular vil ha å seia for økonomien til Fusa kommune.

- For kvar elev i privat skule vert Fusa kommune trekt 84.500 kroner i rammetilskot. For 2016 vert summen 2,36 mill. kroner til saman, sa rådmannen og la til:

- Hugs at det er ei forseinking knytt til når trekket vert effektuert. Nye elevar frå hausten 2016 (før 01.10.16), får først verknad for rammetilskotet i 2018.

Artikkelen held fram under annonsen.

Boge på sin side, var meir interessert i å finna ut kva kostnadene ved å leggja ned skular, flytta elevane og skilja barnehagedelen frå skuledelen er berekna til.

- Korleis ser de føre dykk at bygningane skal nyttast i framtida? Skal skulane seljast, delast inn i seksjonar, eller kva ser ein føre seg? Det er viktig at ein har klart føre seg kva ein eventuelt vel å gå inn i, før ein gjer det, påpeika Høgre-politikaren.

- Vi må venta på resultatet av skulesaka før vi kan ta stilling til korleis bygningsmassen skal handsamast, sa ordførar Atle Kvåle (Ap).

Veksttilskot?

Fusa kommune har som mål at folketalet skal auka med 0,8 prosent i perioden 2011-2023. Det vil seia 4.200 innbyggjarar innan utgangen av perioden. Frå 2002 til 2011 var veksten i snitt 0,4 prosent per år.

Mikal Leigland (Sp) trur det er rå å få til ein vekst på 0,8 prosent. Men er oppteken av at kommunen må leggja til rette for vekst.

- Vi må arbeida aktivt for å få opp folketalet, sa han.

- Kvart år er det 150 personar som flyttar frå Fusa. Vi må ikkje berre ha fokus på tilflytting. Vi bør også prøva å halda på dei som går med planar om å flytta bort, påpeika Svein Lang (Sp).

Kor mykje vekst må Fusa kommune ha for å få vekstkommunetilskot, undra Arild Heggland (V).

Artikkelen held fram under annonsen.

- Veksttilskot vert gjeve til kommunar som har ein gjennomsnittleg årleg vekst over vekstgrensa dei siste tre åra. For Fusa kommune sin del vil det seia 58 personar i 2016, 59 personar i 2017 og 60 personar i 2018 (1,5 prosent vekst). For folketals-auke utover 6o personar i 2019, ville kommunen fått eit tilskot på omlag 57.000 kroner per person, forklarar rådmannen.

Elles tok formannskapsmedlemene føre seg tilskotsordningar, sjukefråvær, rentesatsar, gebyr og avgifter.

- Vi må vera sikre på at kommunen får dei inntektene ein skal ha. Eg har vore i kontakt med folk som ikkje har fått rekning på til dømes feiing, vassmålarar og liknande. Gode rutinar på desse områda er viktig, påpeika Boge.