To tilsette i heimetenesta har fått påvist covid-19
– Dei tilsette er truleg smitta av ein tenestemottakar.
Det skriv Bjørnafjorden kommune på nettsida si.
Dei tilsette har vore på jobb i smittsam fase.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Alle aktuelle tenestemottakarar vil bli kontakta og oppmoda om å testa seg om dei ikkje er vaksinerte, opplyser kommuneoverlege Klaus Melf.