To politikarar frå to ulike planetar
Rasmus Hansson frå Miljøpartiet Dei Grøne og Frps Terje Søviknes er samde om noko, men ueinige om mykje. Debattleiar Frode Bjerkestrand lurte på om debattantane var frå ulike planetar.
Benjamin Søgnen Olsen
benjamin@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det høyrest ut som om de kjem frå to ulike planetar. De bruker heilt forskjellige språk for å beskriva ei heilt sentral problemstilling på Vestlandet, sa Bjerkestrand.
- Hva er den helt sentrale problemstillinga som me bruker forskjellig språk om? lurte Hansson på.
- Det er korleis innretta transportsystema på Vestlandet, til dømes, svarer Bjerkestrand.
- "Ein studie verdt"
Miljøpartiet Dei Grønes Stortingsrepresentant Hansson, og ordførar Søviknes frå Framstegspartiet, var innom både samferdsel, kommuneutvikling og blokkuavhengigheit. På eit tidspunkt oppmoda Søviknes alle til å lesa partiprogrammet til MDG, fordi han meiner "det er ein studie verdt".
- Eg undra då eg las det om det er naivitet eller om det er drøymande om eit heilt annet samfunn som meir høyrde nasjonalhusholdninga til. Eg fall ned på det siste, sa Søviknes.
- Naivt og urealistisk
Hansson på si side hadde ingenting til overs for klimapolitikken til Frp.
- Det som er totalt naivt og komplett urealistisk er å føra ein politikk som Frp fører. De ser bort i frå at ein må redusera klimautsleppa, og de har ein partileiar som har uttalt at de ikkje trur klimautsleppa er menneskeskapte, kontra Hansson.
Samarbeid?
Til slutt blei debattantane utfordra av Bjerkestrand. Søviknes blei spurt om kva Frp kan tilby MDG, viss dei kjem på vippen i Os kommune, for å lokka dei med på eit samarbeid.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er nokre punkt det går an å snakke om. Me kan finna saman på enøk, gode energiløysingar i nye kommunale bygg, som Lyseparken. Satsinga innan omsorg, og fokus på skulekvalitet og innhald i skulane er andre punkt. Men me skal ha gjennomslag i slike forhandlingar. Me kastar ikkje på båten vår prinsipielle politikk. Me må finna kompromiss, seier Søviknes.
- Kva trur du skal til for at MDG skal kunna samarbeida med Frp i Os kommune, fekk Hansson spørmål om.
- Det har eg ikkje peiling på, for eg skal ikkje koma til Os for å fortelja Os MDG kva dei skal gjera. Men det er utvilsomt at det går an å snakka saman om dei punkta Søviknes nemner, seier Hansson.