Ulukke: To personar skal ha blitt skadd i ei trafikkulukke søndag.

To personar send til Haukeland etter trafikkulukke

Meldinga kom inn litt før klokka 16 søndag.

Klokka 15.48 blei det meld om ei trafikkulukke på Skogseidevegen ved Skogseid.

Politiet opplyste på X (tidlegare Twitter) at det var ein motorsykkel som var involvert, og at to personar sat på sykkelen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Begge skal ha vore vakne og medvitne, ifølgje politiet.

Litt seinare skreiv politiet at dei to var frakta til Haukeland sjukehus for undersøking.

— Det er passasje forbi staden. Bilbergar hentar MC, opplyste politiet då.