To nye smittetilfelle torsdag
Det var to personar i 50-åra som fekk påvist covid-19 torsdag.
Bjørnafjorden kommune opplyser om to nye smittetilfelle i går: Ei kvinne og ein mann i 50-åra har fått påvist covid-19. Dei bur i same husstand og er nærkontaktar til kjent smittetilfelle sist veke, skriv kommunen.
Her kan du bli testa
Koronalegevakta i Røde Kors-huset i Kolskogheiane 8, 5200 Os. Testing måndag-laurdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Teststasjonen i den gamle ungdomsskulen i Eikelandsosen, Brakabygda 33, 5640 Eikelandsosen. Testing måndag og torsdag.
Ein kan ikkje møte opp utan timeavtale.