To nye smittetilfelle i Bjørnafjorden
Eit sambuarpar i 20-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19.
Smittevegen kan sporast tilbake til Bergen. Alle nærkontaktar i Bjørnafjorden er varsla. Det opplyste kommunen onsdag.
- Begge dei to smitta jobbar i Bergen, og smittesporinga pågår framleis ved arbeidsstadane, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.