To nye korona-tilfelle måndag - éin av dei er smitta av familiemedlem
Ein mann i 30-åra og ei kvinne i 40-åra i Bjørnafjorden kommune har testa positivt for covid-19.
Dei to tilfella er ikkje relaterte.
Mannen i 30-åra er smitta av eit familiemedlem som fekk påvist covid-19 førre veke. Den opphavlege smittevegen er spora tilbake til Bergen. Nærkontaktar har fått beskjed, opplyser kommunen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er førebels ukjent korleis kvinna i 40-åra har blitt smitta.
- Kartlegging av nærkontaktar pågår, opplyser assisterande kommuneoverlege Jonas Nordvik Dale.
Søndag fekk ei kvinne i 60-åra og ein mann i 30-åra påvist covid-19.