Mæland i munter passiar under eit møte i Geneve tidlegare i år.
Mæland i munter passiar under eit møte i Geneve tidlegare i år.

To ministrar til Os i morgon

Dei borgarlege partia sender ministrar til Os to dagar før valet.

I morgon, laurdag 12.september, kjem næringsminister, og tidlegare byrådsleiar i Bergen, Monica Mæland til Amfi Os. Det same gjer samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen.

Mæland vert å treffa på Amfi Os frå kl. 10.30 og om lag ein time framover, medan samferdsleministeren drøyer til kl 14.30.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er ei stor glede for Os Høgre at næringsministeren vitjar Os. Dessutan er det eit glimrande høve for næringslivet i Os, og andre interesserte, til å få ein prat med ministeren, seier Os Høgre i ei pressemelding.

Terje Søviknes (Frp) seier på same vis at osingane får høve til å stilla spørsmål om E39 og andre samferdslespørsmål direkte til Solvik-Olsen.