To gebyr for manglande bruk av bilbelte

60 bilar vart kontrollerte då Os lensmannskontor hade trafik-kontroll i Industrivegen fredag kveld.

Politiet hadde fokus på bilbeltebruk, men sjekka samstundes for promille. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Kontrollen starta i 21.30-tida og vara eit par timar.

Ingen av dei som vart stansa blåste till raudt.

Nokre tilfeller av manglande bruk av bilbelte vart avsløyrt. To bilistar køyrde frå staden med ferske forenkla førelegg.

Vakthavande ved operasjonsavdelinga til Politidistrik Vest opplyser at fredagskvelden i Os og Fusa elles forløp stille og roleg utan at politiet måtte agera på noko.