To frå Bjørnafjorden var passasjerar på MS «Roald Amundsen»
Så langt er det registrert 39 smittetilfelle etter utbrotet på MS «Roald Amundsen», ifølgje Folkehelseinstituttet.
To av passasjerane om bord er frå Bjørnafjorden. Det stadfestar smittevernlege Jonas Nordvik Dale. Han vil ikkje seia noko om status for dei to, men skriv i ein e-post til Os & Fusaposten at kommunen har følgd dei to opp.
36 av mannskapet og tre av passasjerane er så langt bekrefta smitta. FHI bad søndag landets kommunar om å få ein kommunevis oversikt over alle som er testa og testresultat. Alle passasjerar skal vera i karantene, og bør testast, skriv FHI på sine heimesider.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette gjeld både dei kommunane vi allereie har kontakta og kommunar der passasjerar kan opphalda seg mellombels. Vi bed om oversikt over tal passasjerar som er følgde opp, talet testa og prøveresultata, seier avdelingsdirektør Line Vold.
I tillegg til karantene i ti dagar etter at ein gjekk av skipet, anbefalar FHI også testing av alle passasjerar.
– I denne spesielle situasjonen anbefaler vi testing av alle passasjerar som har vore på dei to turane, også dei som ikkje har symptom på covid-19, seier Vold.
Ved negativt prøvesvar skal ein framleis vera i karantene ut perioden. Personar med negativt prøvesvar vert testa igjen dersom dei utviklar symptom på covid-19.
Passasjerane det gjeld er folkeregistrerte i totalt 69 kommunar. Men fleire passasjerar oppheld seg på grunn av reise eller andre forhold i andre kommunar.