To forenkla førelegg på Lepsøyvegen
UP tok to fartssyndarar på Lepsøyvegen ved Os Lakk & Karosseri i går kveld.
- UP gjennomførte fartskontroll på Lepsøyvegen i halv ni-tida i går kveld. Det melder om relativt lite trafikk i området, men to bilistar fekk eit forenkla førelegg. I loggen står det ikkje noko om kor høg fart det var snakk om, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Ingen reaksjonar
Os-politiet gjennomførte også kontroll i går. Dei sjekka for promille på Søfteland. Dei kontrollerte 30 køyretøy, og ingen av bilistane blåste raudt.