Kontroll: Utrykkingspolitiet hadde kontroll i Hegglandsdalen torsdag.

To bilistar køyrde for fort i Hegglandsdalen

UP gjennomførte trafikkontroll torsdag.

Torsdag morgon i 09-tida, var Utrykkingspolitiet på plass i Hegglandsdalen. Dei hadde kontroll i 30-sona.

Resultatet av kontrollen, var at to bilistar fekk førelegg. Høgaste fart av dei to var 46 km/t, opplyser politioverbetjent Martin Hustrulid Nordeide ved Bjørnafjorden lensmannskontor.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ut på dagen, i 15-tida, fekk politiet melding om nasking frå ein matbutikk. Dette var i området Bjørnafjorden nord.

— Politiet rykte ut og fekk kontroll på mistenkte som var under 18 år. Føresette blei varsla, og det er oppretta sak, fortel Hustrulid Nordeide.