To bilbrannar og eitt førarkortbeslag
Politi og brannvesen fekk på kort tid melding om to bilbrannar i Os i dag tidleg.
Den eine bilbrannen var i Midtbøvegen. Brannen, som vart meldt vel klokka 04, oppstod i ein bil som stod like ved eit hus. Brannvesenet fekk kontroll på brannen før den spreidde seg.
- Bilbrannen kunne lett antent einebustaden. Avstanden frå bil til bygning var ca 1 meter. Rask varsling og innsats hindra ein større brann, opplyser Os brann og redning.
Artikkelen held fram under annonsen.
Like før kl 09 kom melding nummer to. Denne gongen var det ein bil på Søvikneset som stod i full fyr. Bilen stod ikkje i nærleiken sv bygningar og det skal ikkje ha vore fare for spredning.
Natt til laurdag fekk ein mannleg bilførar beslaglagt førarkortet etter mistanke om promillekøyring. Det vart teke blodprøve av mannen, som vart stogga i sentrum like før halv tre i natt.