To bilar krasja ved Vinmonopolet. Ingen mistanke om ruskøyring.
Det gjekk gale for to køyretøy i Os sentrum fredag ettermiddag.
Om lag klokka 16 fredag fekk politiet melding om ein påkøyrsel mellom to køyretøy i nærleiken av Vinmonopolet i Os sentrum.
Patruljen kom til staden og kunne konstatera at det var små materielle skader, og ingen personskader.
Artikkelen held fram under annonsen.
Partane skreiv skademelding, medan politiet ikkje gjorde noko meir med saka.