To bilar i trafikkuhell på Ulvenvegen. Førarane til legevakt for sjekk
Naudetatane har ut til ulukke ved Spar-butikken på Nore Neset.
Klokka 11.53 melde politiet på Twitter om eit trafikkuhell mellom to bilar på Ulvenvegen.
Det er ein person i kvar bil, men det er ikkje meldt om alvorleg personskade.
Artikkelen held fram under annonsen.
Naudetatane rykte ut.
Ulukka skal ha skjedd like ved Spar-butikken på Nore Neset.
Ein bil skal ha køyrd i ein annan bakfrå. Airbagen skal ha vorte utløyst på den bakarste bilen.
– Det er nokre materielle skadar. Den eine bilen er køyrbar. Den andre har dei teke straumen på. Eitt felt er ope per no, og trafikken vert dirigert forbi staden, opplyste fungerande brannsjef Erik Walden like etter kl 12.