Tåke og mørke fekk dei to turgåarane ut av kurs, men med god hjelp frå lokale krefter, og Hovudredningssentralen, vart jentene henta ned frå Bogafjellet (øvst i biletet).
Tåke og mørke fekk dei to turgåarane ut av kurs, men med god hjelp frå lokale krefter, og Hovudredningssentralen, vart jentene henta ned frå Bogafjellet (øvst i biletet).

To 15-åringar måtte ha hjelp for å koma seg ned frå fjellet

Tåke og mørke gav dårleg sikt. To jenter i 15-årsalderen kom dermed ut av kurs, og måtte ha hjelp for å koma seg ned frå Bogafjellet i Fusa søndag.

Jentene var heldigvis godt kledde med vindtette jakkar og gode turklede. Og dei hadde straum på mobiltelefonane sine.

– Vi fekk hjelp frå Hovudredningssentralen til å spora lokasjonen deira ved hjelp av telefonane. Dermed kunne vi henta dei ned med god hjelp frå lokale krefter, opplyser politioverbetjent i Kvam, Fusa og Tysnes lensmanndistrikt, Anders Opsahl.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Mobiltelefonen er nesten det viktigaste tryggleiksutstyret ein har i dag. Jentene var komne ein del ut av kurs. Utan telefonane hadde det vorte langt vanskelegare å finna dei, seier politioverbetjenten og rår turgåarar om å ha ein powerbank i ryggsekken når dei skal ut å gå.

– Jentene la i veg i halv to-tida. Turen tek i utgangspunktet eit par timar. Klokka 18.45 hadde vi kontroll på dei. Dei var kalde, men elles i bra form, opplyser Opsahl.

– Roleg nyttårsfeiring

Elles fortel politioverbetjenten om ei roleg avslutning på 2018.

– Både nyttårsfeiringa og dei ulike romjulsarrangementa har gått stilt og roleg føre seg, seier Opsahl og legg til:

– Vi fekk melding om nokre tre i vegen i samband med uvêret på nyttårsaftan, men det ordna vegtrafikksentralen opp i.

1. nyttårsdag kom det dessutan melding om at eit stillas var i ferd med å ramla i sjøen ved ferjeleiet på Venjaneset.

– Brannvesenet var ute og sikra stillaset, fortel Opsahl.

camilla.kvamme@osogfusa.no