Tjuveri frå naust og båtar
Politiet bed folk vera merksame.
Politioverbetjent ved Bjørnafjorden politistasjon, Atle Birkeland, opplyser om at det har vore litt tjuveri frå naust og båtar i “området kring oss”.
— Seinast på Austevoll i går. Det er sikkert ein del som er borte på ferie, men for dei som er heime, kan det difor vera greitt å oppmoda om å følgja med litt. Sjekk båt og naust, og sjå gjerne over til naboen også, skriv Birkeland i ein e-post.