Tivoliet tek form
I samband med Marknadsdagane vert det tivoli på grusbanen ved Os ungdomsskule. Tysdag morgon var arbeidet med tivoliparken godt i gang.
Måndag kom lastebilane rullande. Tysdag er attraksjonane i ferd med å reisa seg.
Årets Marknadsdagar byd ikkje berre utstillarar, god mat, musikk og mote. For dei som likar fart, spenning og sug i magen er grusbanen ved Os ungdomsskule staden å vera.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skandinavisk tivolipark vitjar Osøyro frå torsdag til sundag. Måndag rullar lastebilane vidare.