Titals lynnedslag over Bjørnafjorden. Her kan du fylgja med i sanntid.
Regnet høljar ned etter meir enn 40 lynnedslag over Os-området og Fusafjorden tysdag ettermiddag.
Like før klokka 15 byrja lynnedslaga å hagla over Osøyro-området.
På nettsida lyn.met.no kan du fylgja med på lynnedslaga i Bjørnafjorden-området i sanntid.
Artikkelen held fram under annonsen.
Per 15.07 har lynet slått ned 44 gongar i det avmerka området.
Sven Hermansen var så heldig at han fekk fanga eine lynnedslaget over Osøyro på film.