Mannen som knivstakk ein kollega i desember i fjor er tiltalt for drapsforsøk i psykotisk tilstand. (Arkivfoto)
Mannen som knivstakk ein kollega i desember i fjor er tiltalt for drapsforsøk i psykotisk tilstand. (Arkivfoto)

Tiltalt for drapsforsøk

Mannen (29) som knivstakk ein kollega (44) på GC Rieber Compact på Søfteland i desember i fjor, er tiltalt for drapsforsøk i psykotisk tilstand.

Statsadvokaten i Hordaland har teke ut tiltale mot mannen, og ifølgje tiltalen vil det bli lagt ned påstand om at 29-åringen vert dømt til tvungen psykisk helsevern.

16. desember i fjor vart ei kvinne (44) knivstukken av ein kollega på GC Rieber Compact i Os. Gjerningsmannen vart pågripen kort tid etter hendinga, og kvinna, som vart alvorleg skadd, vart sendt til Haukeland universitetssjukehus.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ifølgje tiltalen vart kvinna stukken ein gong i brystet, to gongar i ryggen og ein gong på baksida av aksla. Reiskapen som vart brukt er ein kniv som vert nytta i produksjonen ved verksemda.

- Skadane ho er påført er ikkje så ille som vi trudde. Ho har vore svært heldig, sa dagleg leiar ved GC Rieber Compact AS, Per Henning Hamnes, til Os og Fusaposten dagen etter den tragiske hendinga ved frabrikken.

Gjerningsmannen har ifølgje BA vore innlagt på Sandviken sykehus sidan han vart pågripen.