Det er Politidirektoratet som har det endelege ordet når det gjeld strukturen i politidistrikta og avgjerda derifrå skal etter planen liggja føre midt i januar 2017.
Det er Politidirektoratet som har det endelege ordet når det gjeld strukturen i politidistrikta og avgjerda derifrå skal etter planen liggja føre midt i januar 2017.

Tilrår lensmannskontor i Os og Fusa

Politimeisteren har vald å oppretthalda 30 politistasjonar og lensmannskontor i sitt endeleg framlegg til ny struktur for Vest politidistrikt. Os og Fusa er mellom stadene der det er tilrådd lensmannskontor.

Politimeister Kaare Songstad har valt å oppretthalde 30 politistasjonar og lensmannskontor i det endelege framlegget til ny struktur for Vest politidistrikt som er sendt over til Politidirektoratet.

Tilrådinga byggjer mellom anna på arbeidsgruppa sin rapport, risikoanalyser, drøftingar i styringsgruppa med kommunane og høyringsfråsegn.

Artikkelen held fram under annonsen.

- 40 kommunar og andre aktørar har sendt oss sine høyringsfråsegn og gitt uttrykk for si meining om forlaget mitt. Fråsegna frå kommunane har vore svært viktig for meg i arbeidet med å tilrå ny struktur for Vest politidistrikt, seier politimeister Kaare Songstad i ei pressemelding.

Dersom Politidirektoratet vel å fylgje tilrådinga frå Songstad, vert det 30 tenestestader: Ein politistasjon i Florø og fem politistasjonar i Bergen samt lensmannskontor i Vågsøy, Eid, Stryn, Bremanger, Gloppen, Førde, Fjaler, Høyanger, Sogndal, Vik, Lærdal, Masfjorden, Nordhordland, Odda, Kvinnherad, Kvam, Fusa, Os, Austevoll, Tysnes, Voss, Osterøy, Askøy og Sotra og Øygarden .

Vidare vert det tilrådd ei inndeling av Sogn og Fjordane i tre tenesteeiningar/lensmannsdistrikt og Hordaland i 11 tenesteeiningar/lensmannsdistrikt, kjem det fram av den ferske pressemeldinga.

Tilrår avvikling av 17 kontor

Samstundes vert det tilrådd ei avvikling av 17 av dagens lensmannskontor ved Selje, Balestrand, Gaular, Jølster, Askvoll, Hyllestad, Luster, Aurland, Årdal, Gulen, Solund, Austrheim og Fedje, Ulvik, Vaksdal, Ullensvang og Eidfjord, Jondal og Samnanger.

- Dei lensmannskontora som no vert borte og slått saman med større einingar, hadde i utgangspunktet låg bemanning, held politimeisteren fram i pressemeldinga.

Dei 14 tilrådde tenesteeiningane og 30 tilrådde tenestestadene oppfyller definerte krav til kvalitet og kapasitet definert for tenesteeiningar og tenestestader.

Frigjering av ressursar

Songstad minner om at siktemålet med strukturendringa er å skapa meir fleksibilitet for å gje innbyggjarane i Sogn og Fjordane og Hordaland ei betre polititeneste:

- Politiet skal vere tilstades i lokalmiljøa og vera synleg for publikum, og det skal etablerast eit tettare samarbeid med kommunane. Det forpliktar både politiet og kommunane. Målet med nærpolitireforma er eit politi som er operativt, synleg og tilgjengeleg og som har kapasitet og kompetanse til å førebygga, etterforska og påtala kriminelle handlingar og sikra innbyggarane sin tryggleik, seier Songstad.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det er Politidirektoratet som har det endelege ordet når det gjeld strukturen i politidistrikta og avgjerda derifrå skal etter planen liggja føre midt i januar 2017.