Då dette biletet vart teke, hadde Stian Helland nyss komen inn til kai på Kvålsneset med 6-700 kg fisk teke på garn. - Mest sei, men bra med hysa, nokre torskar og pigghå, og ein store lysing.
Då dette biletet vart teke, hadde Stian Helland nyss komen inn til kai på Kvålsneset med 6-700 kg fisk teke på garn. - Mest sei, men bra med hysa, nokre torskar og pigghå, og ein store lysing.

Tilbakeblikk: Satsar friskt som fiskar

Stian Helland (23) har etablert seg som fiskar i Eikelandsfjorden. - Det trefte meg tidleg, eg har vakse opp med det, fortel den unge fiskaren.

Denne saka stod fyrste gongen på trykk 11. november.

Frå besto tok han med i fjøresteinane, har Helland vore oppteken av det som har gått føre seg i og på vatnet.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det ligg i blodet. Slekta på Ådland er fiskarar. Både papen og onklane mine har vore glade i å fiska, og eg har trivst godt med det, fortel Helland.

Etter at han flytta frå Eikelandsfjorden og opp til Skjelbreid i Hålandsdalen som åtteåring, vart det mykje leik langs elvar og vatn.

Alvor

Leik og hobby er ein ting. Jobb noko anna.

Livet som fiskar er heldigvis ikkje alltid like skremande som denne lysingen, stort sett går det greitt.
Livet som fiskar er heldigvis ikkje alltid like skremande som denne lysingen, stort sett går det greitt.

Først gjekk turen til Os gymnas med idrett som studiespesialisering, før han for til Bergen der det vart marknadsøkonomi ved BI. På universtietet i Tromsø skulle han ta ein bachelor i fiskeri og havbruksvitskap.

- Men det vart med det eine året, det var fiskar eg ville bli. Eg var overtydd om at fiskaryrket var riktig val. No i sommar gjorde eg alvor av det, då eg kjøpte båt og etblerte føretaket Helland Kystfiske, fortel Helland.

Å få dei løyva som ein treng for å verta yrkesfiskar er ein heil prosess som me ikkje skal kjeda lesarane med. Men har ein gjort alt rett kan ein ha mykje meir reiskap, fleire teiner, fleire garn, makrellkvote, nofisking og løyve til ein heil del andre andre ting som fritidsfiskarar ikkje har.

Alt i garnet

Men er det noko pengar i fjordfiske då, lurer me på.

-Om ikkje kunne eg ikkje ha gjort det, seier Helland.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dagen byrjar kanskje i 05.30-tida. Ein halvtime etter er han i båten som ligg på Svananeset, og så går det i eitt til sein ettermiddag. Det blir for 10-timarsdagar. Ein bil frå Samvirkelaget Fisk frå Fjorden som Helland er med i, hentar fisken og køyrer han til Nordhordland Fisk på Radøy. Også andre fiskarar frå Fusa, Samnanger, Tysnes og endå vidare ikring er med i dette samvirkelaget.

- Her får me levert alt me får i garnet, seier Helland.

Lusa på laksen

Leppefisk - også kalla "lapparota" - sesongen varer til midten av oktober. Leppefisken blir bruka av oppdrettsnæriga, fordi ho et lusa på laksen. Det er ulik pris på dei ulike typane: grøn-, gras-, og berggylte og bergnebb. Så blir det garnfiske og litt teinefiske gjennom vinteren til april, før makrellen kjem til fjordane våre. Han held seg stort sett i Bjørnafjord-området, Fusafjorden, Eikelandsfjorden, Samnagerfjorden og litt over på Os-sida.

- Då eg byrja å fiska i sommar, låg eg to månader i båten ved Sundvor og Tysnes, fortel den unge fiskaren.

Båten er ein 27 fots Strandvikkryssar bygd i 1972, ein kryssar heitande "L.O.B." som han kjøpte av Lars Berge.

Flyteelement

Første båten kjøpte han tidleg i barnskulen, av typen sjøtroll, som nok var meir ro- enn motorvenleg og som vart kjøpt for 2000 kroner. Den vart nytta til ålefiske. Foreldra hans har vel i ettertid lurt på kvifor han fekk lov, men han hadde altså redningsvest. Og sidan sjøen ikkje er så folksam lenger, verken i høve til ferdsle eller matauk, så er det viktig å vera på den sikre sida.

- Eg bruker ikkje redningsvest lenger, men godkjent oljebukse med flyteelement, fortel Helland.

Myta vil ha det til at både hobby- og yrkesfiskarar har det med å leggja litt på, når det gjeld livet ved og på sjøen. Stian Helland svarar nøkternt og sakleg på alle spørsmål og er langt frå noko skrønemakar. Underteikna har eit lønleg håp om at dette vil forandra seg etter kvart. For gode skrøner skal ein ikkje kimsa av.

Artikkelen held fram under annonsen.

Onklane

Som i dei fleste andre yrke er det mest kvardagar. Tidleg opp, få med seg vermelding og studera sjøkart før han løyser tamp.

- Er eg i stuss, så ringjer eg onklane mine for å finna dei beste plassane, avsluttar Stian Helland.