Tilbakeblikk: Nettkjenning frå Baldersheim
Er ein tom stall og sykkelinteresse nok til å gjera suksess? For Ørjan Borgen Nordtveit frå Baldersheim er svaret definitivt ja.
Denne saka stod fyrste gong på trykk 31. august.
Nettfirmaet Sykkelkomponenter vart starta i far til Ørjan, Idar Nordtveit, sin driftsbygning i 2007. Åtte år seinare står nytt lagerbygg på 150 m2 i to etasjar ferdig.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg byrja forsiktig, så har det berre balla meir og meir på seg, fortel gründeren som eigentleg skulle ha teke sveinebrev som tømrar.
Nordtveit starta opp som 18-åring, då det var lite konkurranse her i landet. I dag er situasjonen ein annan.
- Skulle eg ha starta verksemda no, måtte eg ha kjempa litt meir for å koma meg opp på dette nivået, seier Nordtveit.
Flust med pakkar
Kvar dag går det mellom 20 og 130 pakkar med Postnord sine lyseblå lastebilar frå Baldersheim, med alt frå centimeterstore boltar til heile syklar.
Om nokon tingar noko frå Oslo før kl 12.00, kan pakken vera framme neste morgon. Andre stader i landet kan det ta lengre tid.
- Me sel for tida berre til kundar i Noreg, men skal utvida til Sverige og Danmark, fortel Nordtveit.
Det er sjølvsagt ikkje noko fordel å driva handel frå eit land med store driftsutgifter.
- På den andre sida har me reklamasjonsrett. Det gjer at mange vel å handla "heime", ettersom det er lettare å handtera.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den størte utfordringa i dei åra som har gått, har vore å halda verksemda bærekraftig. Nordtveit har ikkje teke ut meir i løn enn det har vore trong for. Men etter at nybygget, som i all hovudsak er nedbetalt, stod ferdig, har det løsna.
- No treng eg ikkje heile tida tenkja på at eg skal betala rekningar, seier Nordtveit.
Ta sjansen!
I sykkelverda som andre stader, er det utvikling og trendar.
- Dei siste åra har folk byrja kjøpa dyrare ting. Dei er blitt meir merkebevisste, trass i at billegare produkt kan vera like gode, fortel fusingen.
Storparten av kundane finn ein i og rundt Oslo, Trondheim og Stavanger, hovudsakleg i terrengsykkelmiljøet.
Det produktet som det går mest av er handtak i silicon.
I loftsetasjen står det alt 600 vinterdekk både til terreng- og pendlarsyklistar på glattisen.
- I går sende eg seks vinterdekk av garde, så salet er alt i gang, ler den unge mannen frå Baldersheim.
Artikkelen held fram under annonsen.
I desse tider er det viktig å visa initiativ, meiner han.
- Fleire må tora å ta sjansen på å verta sjølvstendig næringsdrivande. Det er mange mogelegheiter, påpeikar Nordtveit.