Ulukke: Kl 18 måndag fekk politiet inn ei melding om ei ulukke mellom to syklar i Idrettsvegen. (Illustrasjonsfoto)

Til legevakta etter sykkelulukke

Politiet fekk melding måndag kveld.

Kl 18 måndag fekk politiet inn ei melding om ei ulukke mellom to syklar i Idrettsvegen. To personar var involverte i ulukka, begge i ungdomsskulealder. Ambulanse, lege og politi blei sendt til staden.

– Éin person blei tatt med av ambulanse til lokal legevakt for undersøking. Den andre vart undersøkt på staden, og fekk ikkje konstatert skade, opplyser vakthavande.

Artikkelen held fram under annonsen.

Politiet har oppretta sak.

Vel kl 22 same kveld blei ein lastebil som kom frå Bergen, stansa og kontrollert på Byvegen.

Det var ikkje mistanke om rus, men sjåføren var ukjend i området og det var grunnen til at han hadde køyrd sakte, fortel vakthavande.