Til helga sluttar Posten med ombering på laurdagar
Posten sluttar med postombering på laurdagar frå og med komande helg. Kvikkas AS tek nok over avisdistribusjonen deira om laurdagane.
Kvikkas AS vann anbodet om laurdagsdistribusjonen til Posten og har fått i oppdrag frå Samferdselsdepartementet å dekka ca 15% av adressene i Noreg. Det såkalla HeltHjem-konseptet, som er eit samarbeid mellom avishusa sine eigne distribusjonsselskap, skal dekka 85% av adressene.
Schibsted vil framleis levera laurdagsavisa til langt dei fleste av Os og Fusaposten sine abonnentar. Omlegginga no omfattar berre dei som har fått avisa levert med Posten, presiserer dagleg leiar i Os og Fusaposten, Reidar Hystad.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Gjennom Kvikkas AS og HeltHjem-konseptet har det blitt jobba intenst for å få ei best mogleg levering av laurdagsavisene frå Posten no når dei gjev seg. Men det vil vera ein overgangsperiode med utfordringar, også for Os & Fusaposten, og me treng og er takknemlege for tilbakemeldingar der leveringa ikkje er tilfredsstillande, kommenterer Hystad.
I Hordaland og Rogaland vil dei som i dag får Os & Fusaposten levert av Posten, altså frå komande helg få avisa levert av Helthjem sine avisbod i dei områda dei dekkjer og med Kvikkas i "resten" av områda.
- Abonnentar utanfor Hordaland og Rogaland vil få avisene levert med Posten som før, legg Hystad til.
Han vonar omlegginga med dei førebuingane som er gjort, skal gå greit, men bed om ekstra tolmod frå abonnentane i ein overgangsperiode.
- Det er ikkje så lenge sidan med hadde ei omlegging av delar av Os & Fusapostens distribusjon frå Posten til Schibsted. Dette skapte ein del utfordringar, som me no heldigvis ser ut til å ha fått bukt med. Den gongen var det "sjølvpåførd" frå vår side med mål om å gje abonnentane avis tidleg om morgonen. Beklagelegvis må me no gjennom ei ny delvis omlegging. Denne gongen er det Posten sine endringar som skaper litt utfordringar, men me skal gjera det me kan for at denne omlegginga skal gå så bra som mogleg, forsikrar Hystad, og oppmodar igjen om at abonnentane melder tilbake dersom det vert problem.
- Særleg gjeld dette dei som får avisene levert i postboksar. Her skal me følgja ekstra tett opp.