TIF Viking vart noregsmeistrar. Tek med seg kongepokalen heim til Bergen og Bjørnafjorden
NM-finalen vart spennande, men TIF Viking, og lagets fire bjørnafjordingar, trekte til slutt det lengste strået i Ekeberghallen i ettermiddag.
TIF VIking og Øksil har vore dei beste kvinnelege laga i volleyball i år, både i serien og i noregsmesisterskapen. Laurdag møttes bergensarane og nordlendingane til NM-finale i Ekeberghallen.
Og det vart ein spennande kamp, men bergenserane trekte til slutt det lengste strået.
Artikkelen held fram under annonsen.
I det første settet var TIF Viking klart best. Laget med dei fire bjørnafjordingane i stallen, kaptein Grethe Soltvedt, Maria Åsmul, Terian Kaelo og Cherin Isabel Eide (skada), var rett og slett rimeleg overlegne, og vann settet 25–13.
I det andre settet vart det langt jamnare. Laga følgde kvarandre tett, men Øksil drog litt frå mot slutten og vann settet 25–22.
I tredje sett var det nok ein gang bergenserane som styrte laget mot siger. Settet enda 25–19.
– No må vi berre utpå og spela minst like bra som i sted. Gjerne betre. Vi må berre få det gjort, sa Viking-trener Martin Mjelde Bjelland til TV 2 i pausen.
Som sagt, som gjort. Det siste settet var det klart mest spennande settet, og begge laga kjempa godt for å dra i land sigeren, men det vart altså TIF Viking som endte øvst på pallen, og som dermed kan ta med seg kongepokalen heim til Bergen og litt Bjørnafjorden.
– Utrulig gøy! Kampen går litt opp og ned. Vi er veldig nøgd med to av setta, og vinn komfortabelt der. Men så gjer vi litt meir feil enn vi er vane med i det andre settet, og det fjerde settet blir jo veldig spennande. Heldigvis klarer vi å slå tilbake til slutt, og tek gull, seier trenar Bjelland til Os & Fusaposten etter kampslutt.
Trenaren er veldig nøgd med innsatsen til spelarane sine.
– Dei leverer utruleg bra. Det er enormt kult at dei klarar å ta gull i sin første NM-finale. Det er ikkje så vanleg å gjera det, slår han fast.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Korleis blir feiringa?
– Eg håpar dei tek det litt med ro. Vi skal jo spela kamp igjen allereie neste helg, men det blir nok litt feiring. Dette er jo noko vi har sett fram til i lang tid, fortel han.