Ti forenkla førelegg på éin time: — Her kjem nok UP attende
Her var det mange som køyrde for fort.
Utrykkingspolitiet hadde to kontrollar i bygda onsdag. Torsdag var dei attende, denne gongen på Lepsøyvegen.
— Dei hadde kontroll i vel ein time. Dei starta i 10-tida. UP skreiv ut ti forenkla førelegg for fartsbrot i 50-sona. Det er mange på berre ein time. Høgaste fart var 69 km/t. Her kjem nok UP til å koma attende snart, seier politioverbetjent ved Bjørnafjorden lensmannskontor, Atle Birkeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Birkeland fortel at det i trafikken i går, var fleire som hadde problem med å halda seg på vegen.
— Det blei meldt om ein bil som stod fast i Langedalen, og det var ein som hadde køyrd utfor ved Lyse Kloster. På Fanafjellet var det også trafikale problem. Det er heldigvis ikkje meld om personskade, seier Birkeland.