Stort og viktig: — Det er eit stort og viktig arbeid som er lagt ned i å få etablert dette systemet på nokre få månader, seier direktør i DBS, Elisabeth Aarsæther.

Testar ut ny naudvarsling på mobil

Som følgje av krigen i Ukraina auka løyvingane til fleire tiltak for å styrkja beredskapen på sivil side i Noreg.

Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap (DSB), Politidirektoratet, Nasjonal kommunikasjonsmyndighet og mobiloperatørane har det siste halve året jobba tett saman for å etablera Naudvarsel på mobiltelefon. No er systemet levert.

Det opplyser DBS.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Som følgje av krigen i Ukraina blei det vedtatt auka løyvingar til fleire tiltak for å styrkja beredskapen på sivil side i Norge. Etablering av naudvarsel på mobiltelefon er eitt av desse tiltaka, skriv DBS.

— Det er eit stort og viktig arbeid som er lagt ned i å få etablert dette systemet på nokre få månader, seier direktør Elisabeth Aarsæther.

I dagane framover skal dei siste testane og oppdateringane gjennomførast , før systemet er klart til å takast i bruk ved reelle hendingar og testar ut mot publikum.

Det er no planlagt ei rekkje informasjonsaktivitetar, slik at befolkninga blir kjent med kva den nye varslingsløysinga inneber.

— Før vi testar dette ut mot publikum i større skala, er det ein føresetnad at denne løysinga er godt kjent. Difor er det også for tidleg å testa naudvarselet i samband med varslingsprøven førstkomande onsdag, seier Aarsæther, og viser til at Sivilforsvaret onsdag 11. januar klokka 12.00 vil testa signalet «Viktig melding – søk informasjon» i alle kommunar der det er montert varslingsanlegg.

Sivilforsvaret testar varslingsanlegga fast i januar og juni kvart år. Signalet vert send i tre seriar med eitt minutts opphald mellom seriane.

Signalet betyr at du skal søkja informasjon i for eksempel radio, tv, aviser, på styresmaktene sine nettsider og i sosiale medium.

Rundt om i landet er det cirka 1.250 anlegg som skal varsla befolkninga ved akutt fare. Varslingsanlegga kan bli brukt både i fred og krig.