Terje Søviknes blir minister
Terje Søviknes (Frp) skal inn i regjeringa igjen, som ny eldre- og folkehelseminister.
Det er olje- og energiminister Kjell Børge Freiberg (Frp) som går ut. Sylvi Listhaug (Frp) blir ny olje- og energiminister, medan Terje Søviknes altså skal inn i regjeringa igjen, som ny folkehelseminister.
Ekstraordinært statsråd blei holdt på Slottet klokka 11.45.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Som de ser, er det ikkje heilt nye fjes, men det er gjort to endringar i statsråd, sa statsminister Erna Solberg til pressen etter statsrådet.
Terje Søviknes skriv i ein sms til Os & Fusaposten at han no skal i pressekonferanse i lag med statsminister Erna Solberg, og kjem attende med fleire kommentarar etter det.