- Tenkjer med gru på dei som må veksa opp utan tilgang til naturen
Ordføraren fortel at engasjementet hans for å sikra at alle innbyggjarane skal ha tilgang til naturperlene i Os, botnar i hans eige møte med Os-naturen som barn i bestefarens fiskebåt.
Representantar frå Miljødirektoratet, Stortinget, dei ulike friluftsråda og fylkeskommunane på Vestlandet var til stades då det vart arrangert seminar om sikring av friluftsområde i Oseana torsdag. Før ordføraren skulle på talarstolen vart det sagt at då den unge Søviknes i si tid vart medlem i Bergen og Omland Friluftsråd (BOF), hadde det vore med mål om å leggja ned eit slikt supperåd.
- Det skjedde kanskje ikkje heilt slik, men det er rett at me vurderte å melda Os kommune ut av BOF, før me konkluderte med at det ville me ikkje. I dag kan eg seia at BOF er ein av dei minst byråkratiske organisasjonane eg kjenner. Der handlar det om å få ting gjort, forklarte Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fiske, fjord og folkesjel
I løpet av åra har Søviknes blitt ein av dei fremste ambassadørane for BOF, og har gått i spissen for ei rekkje prosjekt der føremålet har vore sikring av område for ålmenta. Eit paradoks for ein svoren tilhengar av den private eigedomsretten?
- Nei, når me profilerer oss på at me har ei ja-haldning i utbyggingspolitikken og ein vilje til å byggja ut, så må me vera endå nøyare på at me også ivaretek friluftsinteressene, sa han.
Søviknes var også personleg, og viste fram bilete av eigne born på tur og fortalde om eigen oppvekst i Os-skjergarden.
- At alle skal ha tilgang til naturen, ligg i folkesjela vår. Eg hugsar at eg som born grein meg til å vera med far og bestefar på torskefiske og ålefiske. Seinare vart eg sjølv fiskar. Eg ser med skrekk og gru på dei som ikkje får høve til å ta del i det. Det å prøva seg mot naturkreftene og jakta på eigen mat er eigenverdiar som ein berre kan møta gjennom friluftsliv, sa Søviknes.
Frå Skorpo til Bjånes
Deretter gjekk ordføraren gjennom ei rekkje prosjekt der Os kommune aktivt har gått inn for å sikra ulike område som kjem ut for sal for ålmenta. Kommunen kjøpte Skorpo frå Postkom, og selte vidare etter først å ha delt ut eine halvdelen til friluftsføremål.
- Me tente ikkje noko på det økonomisk, men det var heilt greitt. Det var ikkje det me var ute etter. Me ville sikra oss det store området og den perla som Skorpo er, sa Søviknes.
Mobergsvika, Smievågen, Ervikane og Raudlia er andre døme som vart trekt fram. Også den sålangt ikkje-eksisterande natur- og kulturparken på Bjånes vart teken med i rekneskapen.
- Det vil bli eit stisystem og lysløype, og ein har ein tanke om eit utandørs amfi i parken. Det vil bli ein totalpakke som er ganske flott.
Artikkelen held fram under annonsen.
Søviknes la vekt på at han og det politiske fleirtalet ofte har måtta ty til utradisjonelle modellar for å få dette til. Ofte i møte med private grunneigarar som kanskje i utgangspunktet er skeptiske til offentleg inngripen.
- Mange er redde for at me skal ty til ekspropriasjon for å få tilgang til dei områda me vil sikra. Men i løpet av dei 16 åra me har site med makta, har me faktisk aldri tydd til det verkemiddelet. Me har heile tida hatt som mål å få i stand minnelege avtalar. Det har av og til kosta noko, men i det lange løp er det ei betre løysing å vera einige enn å ty til tvang, sa Søviknes.
Vil avhjelpa Knutabru-Knut?
Ordførar Terje Søviknes nytta også høvet til å reklamera litt for Knutabruo, som skal opna søndag. Stålbrua skal svaia 14 meter over elva i eit spenn på 50 meter.
- Det vert ei spektakulær bru. Det er eit skikkeleg vinn-vinn-prosjekt. Fleire bustadfelt får på denne måten ny tilgang til eit flott turområde. Os kommune har så langt sagt at me vil ta over drift og vedlikehald av brua når ho er ferdig, for det har private sjeldan høve til, sa Søviknes.
Han la til at brua er vorten monaleg dyrare enn kva ein først trudde, og han tykte litt synd i Knut Jarle Aspenes, som har lova at han tek rekninga for å restfinansiera brua.
- Det spørst om me ikkje må spytta i litt for å avhjelpa han som har lova å ta resten av rekninga, sa Søviknes.