Tenåring skal ha blitt slått i andletet då han la til kai
To unge båtførarar skal ha hamna i klinsj i Strønevågen fredag ettermiddag.
Klokka 16.35 fredag fekk politiet melding om ei hending mellom to båtar i Strønevågen.
Det skal ha blitt spruta vatn og kasta ting, men det er usikkert kva gjenstandar det er snakk om.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den fornærma, ein gut i tenåra, skal ha blitt slått fleire gonger i andletet av ein jamaldrande gut i det fyrstnemnde la båten sin til kai.
Sistnemnde skal også ha spruta vatn på den fornærma.
Saka vert truleg meld til politiet.